XML
Extensible Markup Language
XML er eit subsett av SGML. Det vil sei at det er eit SGML-dokument, men er skapt ved å modifisera den normale SGML-deklarasjonen.
Endringar i høve til SGML
- ikkje lov å utelata merke eller nytta tomme merke
- tomme element (punkt) og innhaldselement er syntaktisk distinkte. Dette gjer at det er mogleg å parse dokumentet utan tilgang til DTD, då parseren kan kjenna att eit tomt element som det ut frå teikna den er bygd opp av.
- Reference Concrete Syntax (deklarasjonen) kan ikkje endrast
- mange spesialiserte SGML-mekanismar er utelatne.
Eit SGML-dokument er berre gyldig/ugyldig ut frå samanlikning med DTDen. Eit XML-dokument kan vera både gyldig/ugyldig ut frå DTDen, og velforma eller ikkje. Dette er sjekka ved å sjå om startmerke er fulgt av sluttmerke, og om dokumentet er hierarkisk (inga overlapping).
Stadig meir webinnhald vert presentert i HTML (sekundærformat), men vert laga og lagra i XML (primærformat).
Det er utvikla ein stor teknologi kring XML, t.d. program for utvikling av stylesheets osb.
Fordelar ved XML
- fleksibel, ein kan laga eigen DTD
- tilbyr validering, både med og utan DTD
- enkelt
Ulemper ved XML
- det finst svært mange subsett, som er spesialiserte og kompliserte
- det er utvikla ein stor teknologi kring XML, og det er av og til lite kompatibelt med anna programvare.
Kjelde: C. Huitfeldt, forelesing 29/8/07
C. Huitfeldt, Tekster og tekstkoding – Kap.1
Comments (0)
You don't have permission to comment on this page.