| 
  • If you are citizen of an European Union member nation, you may not use this service unless you are at least 16 years old.

  • You already know Dokkio is an AI-powered assistant to organize & manage your digital files & messages. Very soon, Dokkio will support Outlook as well as One Drive. Check it out today!

View
 

Tekstkoding

Page history last edited by PBworks 16 years, 5 months ago
Tekstkoding
”markup is information that is added to infromation in order to convey information about it” – Claus Huitfeldt/ Goldfarb
 
Markup = tekstkoding
 
Det finst problem med og ulikskapar mellom dei mange definisjonane av kva tekstkoding er, men det som er einigheit om er at tekstkoding er metainformasjon – informasjon om informasjon. Ei anna einigheit er at det er føydd til teksten, altså ikkje ein del av den, men vesentleg for forståing, funksjon og tolking av teksten.
 
Coombs m.fl. påstår at all tekst er koda, utanom scriptio continua. Dei definerar ulike typar koding:
All tekst:         
-         Setningsteikn
-         Presentasjonell (utforming)
Elektronisk tekst:
-         Prosedural (korleis skal teksten behandlast på dette punktet)
-         Deskriptiv (kva er tekstdelen)
-         Referensiell (framande teikn eller inntastingshjelp)
-         Metakoding (deklarasjonar)
 
Raymond deler koding av tekst i to:
-         Presentasjonell (utsjånad, utforming)
-         Analytisk (underliggande struktur)
Idealet for tekstkoding, særleg nytta i akademia, er ei analytisk koding. Presentasjonen, utsjånaden, skal/kan komma som følgje av denne.
 
Tekstkoding er alfanumeriske strengar av teikn som er synlege for programvara som behandlar dokumentet. Dei ulike kodesystema definerar eit sett reserverte strengar/teikn og har formelle reglar for korleis desse skal nyttast.
 
Det finst ingen standard kodesystem alle nyttar. Det gjer utveksling og gjenbruk av tekstar og program vanskeleg, i tillegg til at det kan vera vanskeleg å nytta dagens tekstar i framtidig forsking (særleg innan humaniora).
 
SGML er eit forsøk på ei standardisering, medan HTML i stor grad er standard på web, med overgang mot XML. TEI er eit forsøk på standard for humanistar.  
 
Kjelder: C. Huitfeldt, forelesing 22/8/07, 28/8/07, 29/8/07, 4/9/07
               C. Huitfeldt, Tekster og tekstkoding – kap. 01           

Comments (0)

You don't have permission to comment on this page.