IKT og Læring - Huin102's Own Wiki

 

TEkstomgrepet

Page history last edited by Mari 1 yr ago
Tekstomgrepet i tekstkoding og tekstkritikk
”A picture is not a landscape and a word is not its meaning” - Buzzetti.
 
Det er vanleg å skilja mellom tekst og dokument eller utgåve. Ein skil då mellom tekst som ein abstrakt storleik, eit omgrep eller instans, og dokumentet som representasjon av teksten, det fysiske. Så kan ein gå vidare og sjå på ulike dokument eller utgåver av same tekst som same representasjon, eller ulike fysiske objekt. Dette er grunnleggande i tekstkritikk, og også sentralt i tekstkoding.
 
Tekstomgrepet er i endring. Tidlegare var tekst eit lengre avslutta verk, prototypisk ei bok. No famnar det alt skriftleg, alt munnleg, alt verbalt og gjerne alt delvis verbalt (teater, film osv). Nokre reknar og non-verbale ytringar, sosiale fenomen o.l. som tekst – kanskje er alt tekst?
 
Elektronisk (sentralt for tekstkoding) vert tekst representert som lineære sekvensar av diskrete teikn. Men tekst er meir enn desse lineære sekvensane, og trekk ved teksten kan digitalt gjengivast ved hjelp av merker eller kodar: alfanumeriske strenger av teikn som er synlege for programvara.
             
Kjelder: C. Huitfeldt, forelesingar 22/8/07 og 4/9/07

 

Comments (0)

You don't have permission to comment on this page.