| 
  • If you are citizen of an European Union member nation, you may not use this service unless you are at least 16 years old.

  • You already know Dokkio is an AI-powered assistant to organize & manage your digital files & messages. Very soon, Dokkio will support Outlook as well as One Drive. Check it out today!

View
 

HTML

Page history last edited by PBworks 16 years, 4 months ago

 

HTML

 

Hyper Text Markup Language

 

HTML er de facto dokumentstandarden på web, nesten alt på web er koda i HTML.

HTML er eit kodesystem som er basert på SGML, men det nyttar berre ein liten del av strukturane og kodane SGML tilbyr. Dette gjer det til eit enkelt system.

Grunnstrukturen for HTML er HEAD og BODY. HEAD inneheld referanseinformasjon – til dømes tittel, forfattar, rettigheitsinnehavar, publisering, type tekst osv. BODY er resten av dokumentet, ”sjølve teksten” og kodingar kring denne.

Sidan det er SGML basert nyttar HTML same markørar og system med start- og sluttmerke osv.

I HTML vert det ofte koda både for innhald og utsjånad. Dette er fordi utsjånad og design tradisjonelt har vore sentralt på web. Men dette kan skapa forvirring, og det kan vera mykje feilkoding.

 

Fordeler ved HTML

HTML er enkelt, og inneheld det grunnleggande av tekstkoding.

Teksten blir oftast vist om lag likt, fordi det har utvikla seg visse retningslinjer for korleis HTML kodar skal visast i ulike program og med ulike weblesarar.

 

Ulemper ved HTML

Fordi weblesarar ikkje gir nokon feilmelding og søker å visa eit eller anna uansett korleis dokumentet er koda, er det svært mykje ugyldig HTML-koding.

HTML fokuserar ofte meir på det visuelle enn på innhald, eventuelt vert det ein forvirrande kombinasjon. Døme: koda noko som <h> (overskrift) og noko anna som <i> (kursiv).

HTML tilbyr ingen moglegheit til å endra DTDen, og blir dermed lite fleksibel.

Tilbyr og oppfordrar til lite eller inga validering, sjekka om dokumentet er gyldig i følgje DTDen.

 

Kjelde: C. Huitfeldt, forelesing 29/8/07

            C. Huitfeldt, Tekster og tekstkoding - kap. 1             

Comments (0)

You don't have permission to comment on this page.