| 
  • If you are citizen of an European Union member nation, you may not use this service unless you are at least 16 years old.

  • You already know Dokkio is an AI-powered assistant to organize & manage your digital files & messages. Very soon, Dokkio will support Outlook as well as One Drive. Check it out today!

View
 

Blogg

Page history last edited by PBworks 16 years, 5 months ago
Kva er blogg?
I den tidlege levetida til Internett vart ordet ”weblog” nytta om automatisk samansette lister med oversikt over alle besøkande til ei webside. Dette er ikkje lenger tilfelle. No er weblog eller blogg svært mange ulike ting, og vert karakterisert av formatet og prosessen kring heller enn innhaldet.
            Ordet ”weblog” vart fyrst brukt av Jorn Barger i 1997. I 1998 byrja Jesse James Garrett, ein tidleg bloggar, å laga ei liste over andre nettside som hans, og på denne lista var det i byrjinga av 1999 23 lenkjer. Dette året vart ordet ”weblog” forkorta til ”blog” (norsk: ”blogg”), og ein som dreiv ei slik side vart kalla ”bloggar.” Same år eksploderte og bruken av blogg. Tidlegare kravde det å ha og driva ein weblog eit visst kjennskap til HTML-koding. No vart det presentert fleire nettstader som tilbaud gratis bloggar, og bruken skifta (Blood 2000).
Dei opphavlege weblogane var for det meste sett saman av lenkjer, med kommentarar, til sider som var interessante for den som skreiv weblogen, eller som presenterte alternative syn på mediesaker. Starten på blogg kom frå profesjonelle eller amatørjournalistar, som kommenterte dagsorden eller skreiv sine eigne saker. Nokre ser på blogg som ei dagbok på nett, medan andre påstår at slike online dagbøker oppsto uavhengig av weblog, og var på veg til å dø ut når blog-bølja kom. Endå meir popularitet fekk blogg etter 11.september 2001, når mykje av informasjonen vart spreidd gjennom blogging. No fekk folk verkleg opp augo for kor rask publisering ein kan oppnå gjennom blogg. Det er enkelt og raskt å oppretta ein blogg og laga innhald. Dette er på grunn av softwaren som er lett tilgjengeleg og dei enkle funksjonane med utfylling av tomme boksar (gjerne berre tittel og innhald), heller enn bygging av nye sider kvar gong.
            Rebecca Blood (2000) skil mellom ”weblog” og ”blog”, der weblog er den tidlegare nemnte lista over lenkjer med kommentarar, og blogg er så mykje meir. Innhaldet i ein blogg kan vera kva som helst. Det er oftast tekstbasert, men kan ha innslag av både video, bilete og lyd – nokre bloggar er i stor grad basert på eit anna medium enn tekst. Mest karakteristisk er at det publiserte materialet, postane, vert vist i omvendt kronologisk rekkefølgje, med det nyaste fyrst. Vanlege funksjonar i ein blogg er: dato når posten er publisert (gjerne med eit arkiv der ein kan finna attende til eldre postar), tittel og innhald i posten, trackback og permalenkjer – lenkjer til kvar enkelt post – som gjer det mogleg å visa til andre sider og oppdaga at andre har referert til din blogg, og kommentarar. 
            Mange framhevar lenkje- og kommentarfunksjonane som den viktigaste forskjellen mellom ein blogg og ei vanleg personleg webside eller ei anna online dagbok. Det er mogleg å få reaksjonar på postane sine, og føra lenger samtalar mellom fleire bloggar ved å visa attende til kvarandre. Bloggar vert sett på som dynamiske og sosiale nettstader, då dei gjerne ofte vert oppdaterte og det er store moglegheitar for interaksjon frå lesaren si side. Det vert gjerne og utvikla samfunn kring ei gruppe bloggar, folk som les og kommenterar kvarandre sine bloggar og deler dei same interessene.
            Som nemnt kan innhaldet i ein blogg vera mykje forskjellig. Felles er stilen. Den er ofte personleg og uformell, gjerne med eit munnleg uttrykk og korte postar. Det er forventa at det ikkje er fiksjon, men dette er opp til bloggaren. Mange bloggar og postar er forma som korte forteljingar, og ein del av desse er også innan ei større ramme. Lesinga av blogg er, akkurat som skrivinga, episodisk og sporadisk. Ein les sjeldan eit heilt arkiv på ein gong, derimot kan ein følgja utviklinga av eit tema eller ein bloggar over tid.
            Dei fleste som skriv om blogg fokuserar på at det er ein arena for personleg publisering. Det er med på å markera eit skifte frå eit Internett der ein har dei publiserte og eit publikum, til at publikumet sjølv kan publisera og ta del i utviklinga av innhald og informasjon. Frå den spede byrjinga med 23 weblogar på Garrett si liste, vert no om lag 75 000 nye bloggar publisert dagleg. Svært mange av desse er ungdom, I 2003 var over 50% av alle bloggar drivne av ungdom mellom 13 og 19 år.

 

Comments (0)

You don't have permission to comment on this page.